Havforskarmøte 2021

Her er programmet for Havforskarmøtet 2021:

Mandag 22. november

17:00 – vi startar med årsmøtet i Norsk Havforskarforening (NHF).  Dette er den formelle delen der styret presenterer status og planar framover for organisasjonen, og vi vel medlemmar av styret for det kommande året. Det er gratis å vere medlem i NHF, så meld deg inn her.

18:00 – etter årsmøtet har vi invitert to havforskarar til å utløse litt debatt om observasjonar og modellar. Først spør Morten D. Skogen (seniorforskar, Havforskningsinstituttet) Are models better than observations? Så vil Tom Langbehn (postdoc, Universitet i Bergen) kanskje moderere dette ved å viser korleis modellar og observasjonar kan kombinerast.

Tirsdag 23. november

09:00 – Vi har invitert ei gruppe havforskarar som aktivt bruker observasjonsteknologi i si forsking til å presentere både teknologien og korleis den kan brukast til å avdekke havets mysterium:

Tonje Sørdalen (UiA): Computer vision and cameras in the ocean 

Nils Olav Handegard (HI): Observing fish and plankton with acoustics 

Kasper Hancke – (NIVA): Mapping coastal habitats with drones SeaBee 

Keno Ferter (HI): Tagging bluefin tuna 

Etter presentasjonane opnar vi for spørsmål og diskusjon, før vi held fram med innsendte presentasjonar og postarar.

Tirsdag kveld: konferansemiddag!

Onsdag 24. november

09:00 – Genetiske metodar and teknologi utviklar seg i rakst tempo, og vi har invitert nokre ekspertar på feltet for å gje oss eit innblikk i dei siste framstega:

Torild Johansen (HI) Can we separate populations with genetics? 

Sissel Jentoft (UiO). Uncovering ecology and evolution of marine fishes using genome sequencing

Kim Præbel (UiT) What can eDNA and metabarkoding tell us? 

Etter dette vil det igjen bli spørsmål og diskusjon rundt tema, før vi held fram med innsendte presentasjonar.

Havforskarmøtet blir i år på Solstrand Fjordhotell som ligg vakkert til ved fjorden omlag 30 km frå Flesland flyplass og Bergen sentrum.

Frist for påmelding var 15. oktober! Hugs å også betale påmeldingsavgifta innan denne datoen og send inn abstract for presentasjon eller postar til havforsk@havforsk.no basert på dette templatet.