Dato: 20 – 22 november 2023
Stad: Runde
Tema: Mat frå havet
I år vil Havforskarmøtet gå føre seg måndag 20. – onsdag 22. november på Runde. Hovudtema er Mat frå havet.
Ytst ute i havgapet på Søre Sunnmøre ligg øya Runde, med det sørlegaste fuglefjellet i Noreg. Runde er litt utanfor allfarveg. Der kan vi kople ut omverda og berre vere til stades, saman.
Møtet vert halde på besøkssenteret Opplev Runde. Her finst overnatting i flotte leilegheiter ved senteret, og hjå naboen Christineborg Gjestehus. Vi har også ein avtale med Thon Hotel i Fosnavåg for å sikre overnattingsplass til alle deltakarar.
Runde ligg to timar frå Ålesund. Det er mogleg å reise via Ålesund lufthamn (med god korrespondanse buss/hurtigbåt), eller fly til Ørsta/Hovden og vidare med bil/minibuss (50 minutt).
Måndag kveld startar vi med årsmøte og populærvitskapleg underhalding før middag. Tysdag og onsdag held vi fram med fagleg program. Meir detaljar om programmet kjem etter kvart. Hald av datoen!

