Havforskarmøtet 2024

      Ingen kommentarer til Havforskarmøtet 2024

Havforskarmøtet 2024 vil gå føre seg i Tromsø 25-27 november 2024 og ha temaet Effektar av klimaendringar og klimatiltak på marin natur. Påmelding innan 31.10.2024 (påmeldingsskjema under).

Møtet vil ha fokus på klimaendringar i havet, og på konsekvensar av klimatiltak som havvind og gruvedrift på liv i havet.  Årets tema er høgst tidsaktuelt og relevant for forskarar og studentar som arbeider med ulike aspektar av klimaendringar og klimatiltak på marin natur. Vi vil invitere aktuelle innleiarar frå ulike disiplinar og institusjonar for å skape ein brei samtale om avvegingar mellom teknologiske løysingar på klimakrisa og kva det fører med seg av arealbruk og andre miljøkostnader i havet. Samtidig vil det som vanleg vere opent for innlegg om andre tema innan havforsking.

Vi gler oss til eit nytt lærerikt og sosialt Havforskarmøte, og håpar vi får sjå deg der!

Tromsø sett frå Fjellstua. Foto: Svein-Magne Tunli – tunliweb.no (Wikimedia Commons)

Vennligst skriv inn fornamn i første rute og etternamn i andre rute.
Spesifiser om du ønsker å presentere eit bidrag på møtet, som munnleg presentasjon eller postar. Du er ikkje garantert å få halde munnleg presentasjon om programmet blir fullt. Bidrag til det vanlege programmet bør helst vere på engelsk, men kan og vere på norsk. Om du ikkje ønsker å presentere lar du dette stå blankt. Abstract må sendes separat til havforsk@havforsk.no innan 1. november (merk eposten med Abstract). Ver vennleg å bruker mal for dette som du finn her.
Meld deg på tidleg for å sikre deg rom i konferansehotellet Clarion Hotel The Edge. Vi har reservert 50 rom på hotellet, dersom det blir fullt må ein finne eiga overnatting.
Skriv namnet på deltakaren du vil dele med i "Annan informasjon"-feltet under. Prisen for heile møtet dersom ein deler dobbeltrom blir 4000 per person.
Studentar som ønsker å presentere på møtet kan søke om å få dekt møteavgifta. Vi tar kontakt på e-post for å bekrefte om du får dekt avgifta.
For at påmeldinga skal bli registrert krev vi utfylt registreringsskjema og betaling innan 31.10.2024. Betaling til bankkonto nr. 0531 08 83850. Hugs å merke betalinga med namn på deltakar(ar).
Matallergiar eller andre behov som vi bør vite om. Om du vil dele rom med ein annan deltakar, skriv namnet på personen her.