Påmelding til Havforskarmøtet 2022

Påmeldingsfrist: 19.10.2022

Påmeldingsfristen har gått ut! Om du ikkje rakk fristen men framleis ønsker å delta, ta kontakt på havforsk@havforsk.no, så ser vi kva vi kan gjere.

I år går Havforskarmøtet av stabelen måndag 21. – onsdag 23. november på Holmen Fjordhotell i Asker utanfor Oslo. Hovudtema er Bruk eller vern – Arealbruk til havs.

Måndag kveld startar vi med årsmøte og eit populærvitskapleg føredrag før middag. Tysdag og onsdag held vi fram med eit spennande fagleg program med inviterte innlegg og diskusjon, presentasjonar og postarar. I tillegg blir det felles måltid, pausar og sosialt samvær. Møtet tar slutt onsdag 23. november kl. 15:30. Det detaljerte programmet vil bli oppdatert på nettsidene etterkvart og er tilgjengeleg her.

Vennligst skriv inn fornamn i første rute og etternamn i andre rute.
Spesifiser om du ønsker å presentere eit bidrag på møtet, som munnleg presentasjon eller postar. Du er ikkje garantert å få halde munnleg presentasjon om programmet blir fullt. Bidrag til det vanlege programmet bør helst vere på engelsk, men kan og vere på norsk. Om du ikkje ønsker å presentere lar du dette stå blankt. Abstract må sendes separat til havforsk@havforsk.no innan 1. november (merk eposten med Abstract). Ver vennleg å bruker mal for dette som du finn her.
For at påmeldinga skal bli registrert krev vi utfylt registreringsskjema og betaling innan 19.10. Betaling til bankkonto nr. 0531 08 83850. Hugs å merke betalinga med namn på deltakar(ar). Vi har reservert 70 rom på hotellet, så meld deg på med betaling i god tid for å sikre deg plass!
Matallergiar eller andre behov som vi eller hotellet bør vite (til dømes om du vil dele rom med ein annan deltakar).